Kleive kyrkje

Den eldste kjende kyrkja på Kleive er nemnt i Trondjems Reformats i 1589. Stavkyrkja vart riven i 1697 då det vart bygd ei korskyrkje i tømmer. Korskyrkja stod til 1857 då ein tok til å byggje dagens kyrkje. Altartavla frå korskyrkja vart ikkje overført til nykyrkja, eit trekors vart sett over altaret i staden. I 1911 fekk kyrkja ny altartavle med bilete av Jesus, måla av kunstmålar Øyvind Nilsen. Ho vart endra ved restaureringa av interiøret i kyrkja i 1934. Preikestolen er frå 1697.
Orgel kom på plass i 1904, det vart ombygd i 1935 og skifta ut til 100-års høgtida i 1958. Kyrkja vart restaurert på nytt innvendes i 1980. Kyrkja er listeført av Riksantikvaren.
(Kjelde: Kyrkjene på Kleive frå 1646 til 1958).

Kommune: 
Institusjonskategori: