Kløvstigen

Her gjekk folk som budde i Isterdalen kvar vår og haust med dyra til sommarbeite oppe på setrene bak Trollstigen. Og her gjekk Valldalingane når dei skulle på Romsdalsmartnan. Stigen er dei siste åra blitt restaurert og merka, og det er ei oppleving å gå her. Stigen startar eit stykke nedanfor den første krappe svingen av Trollstigvegen og kryssar han nokre gonger.
(Tekst/foto: www.romsdalsalpene.com).

Kommune: 
Institusjonskategori: