Kallastuå i Surnadal

Galleri og målerisamling etter Kalla Skrøvseth (1913-1997) på Tellesbø. Her finn ein måleri, mosaikkar og pastellar.

Kunstsamlinga Kallastuå vart opna 31.oktober i 1998.

Kallastuå ligg 2,3 km frå Skei ved fylkesvegen på nordsida av dalen oppover mot Tellesbø. Huset ligg lunt til under bratte berget nær Hamarbø, som var heimen til Kalla Skrøvseth. Framfor Kallastuå vidar vegen seg ut til ein romsleg parkeringsplass.

Tidlegare hadde Kalla Skrøvseth bygd seg eit atelier med utstillingsplass på 60 kvm vest for heimen sin. Etter at ho hadde bestemt seg for å gje heile kunstsamlinga si til Surnadal kommune, skjøna ho at huset var for lite. Det trongst mykje større utstillingsplass. Ho tok kontakt med interiørarkitekt Nils Fiske frå Frei og fekk han til å teikne utkast til eit større tilbygg til den gamle Kallastuå. Såleis fekk Kalla sjølv vera med å planleggje korleis den nye Kallastuå skulle sjå ut. Kalla gledde seg veldig til å sjå den nye Kallastuå ferdig, men det fekk ho ikkje oppleva. Den 24. august 1997 døydde ho, vel 83 år gammal.

Men før Kalla Skrøvseth døydde, hadde ho gjeve heile kunstsamlinga på ca. 200 bilete, den gamle Kallastuå og ein pengesum på 200.000 kroner til Surnadal kommune under føresetnad av at kommunen skulle gjennomføre planane for den nye Kallastuå. Surnadal kommune tok imot gåva og løyvde pengar til bygginga. Surnadal Sparebank gav 500.000 kroner til formålet.

Av pengesummen som Kalla gav saman med kunstsamlinga skulle det opprettast eit fond for å fremja kristen kunst, song og musikk. Det er valt eit styre som skal ta hand om ?Kalla Skrøvseth Kunstsamlings Fond?.

Vel eitt år etter at Kalla Skrøvseth døydde stod den nye Kallastuå ferdig til bruk. Bygningen har to høgder. Den eldste delen har mur i sokkeletasjen og raudbeisa panel i andre høgda, medan tilbygget har grå murvegger.. heile huset har torvtak. Første høgda inneheld garasje, inngangsparti med toalett og garderobe og ein stor utstillingssal. I andre høgda er det to utstillingssalar. Til saman blir det eit utstillingsareal på 180 kvm.

Ein del av kunstverka til Kalla heng oppe til ei kvar tid, men i tillegg arrangerer Surnadal Kunstforening utstillingar av andre kunstnarar. Utanom dette er huset tenkt til mindre konsertar, seminar, kunstverkstad og andre kulturtilstellingar. I den gamle delen av Kallastuå heng dei eldste bileta Kalla har laga, frå første tida ho gjekk og lærte i Oslo. I forsamlings-
salen i andre høgda heng for det meste dei sakrale bileta, utkast til store kyrkjeutsmykkingar i mosaikk og måleri med kristen symbolikk. Der står også pianoet hennar. Salen i første høgda inneheld ei variert samling av måleri frå 1950-talet og langt ut i 1990-åra.

Kunstfondet har trykt opp fire reproduksjonar av Kalla. Desse og ei rad kort med ulike Kalla-motiv er lagt ut til sal, likeins biografien ?Kalla Skrøvseth ? liv og kunst?.

Skrive av: Randi Skrøvset Hatle

Kommune: 
Institusjonskategori: