Jugendstilsenteret

Jugendstilsenteret, som vart opna sommaren 2003, er eit nasjonalt formidlings-, dokumentasjons- og kompetansesenter med basis i jugendstilen/art nouveau. Senteret er plassert i Ålesund fordi byen har den største samanhangande konsentrasjon av jugendbygningar i Noreg.
Jugendstilsenteret har fleire faste utstillingar:
- Ei tidsmaskin tek deg attende til 1904. Gjennom multimedieforestillinga "Frå aske til jugendstil" kan ein oppleve bybrannen og attreisinga av byen.
- Gjenstandsutstillinga "Den vakre jugendstilen" viser arbeid av norske og europeiske kunstnarar.
Multimedieprogrammet "Den nye kunsten" gir innføring i den internasjonale jugendstilen sin bakgrunn og ulike uttrykk i kunst, design og arkitektur både i Europa og i Ålesund. Den originale spisestova til apoteker Øwre er nennsamt restaurert.
- Utstillinga "Handverk og arkitektur" viser handverkskunnskapen som var så viktig for jugendstilen.
Senteret har i tillegg temporære utstillingar.

Jugendstilsenteret er medlem av eit internasjonalt nettverk av jugendbyar, kalla Reseau Art Nouveau Network.
Jugendstilsenteret har i 2004 fått desse utmerkingane:
- "Merket for God Design - Grafisk design" knytt opp til eigne produkt og logo
- Nominert til "Årets museum 2004"
- HSMAI - gullvinnar i kategorien Grafiske arbeid
- Høg poengsum i anonym test utført av Magasinet Kulturliv
Jugendstilsenteret er medlem av eit internasjonalt nettverk av jugendbyar, kalla Reseau Art Nouveau Network.

Kommune: 
Institusjonskategori: