Jentekolonien

Jentekolonien i Skodje. Foto: Harald Vågene.

På 1920-talet fekk jenter og gutar frå Ålesund nokre vekers sommaropphald i Skodje for å kome på landet og få frisk luft. Her vart dei plasserte i Jentekolonien og Gutekolonien. Etter mange år utan vedlikehald vart husa etter kvart svært forfalne, og Gutekolonien vart sett fyr på. Like før Jentekolonien skulle få same lagnad, tok Lions Skodje på seg arbeidet med restaurering av bygninga. Jentekolonien vert i dag brukt til selskapslokale, kunstutstillingar og konsertar. Jentekolonien er Skodje kommune sin tusenårsstad. I naturparken rundt har staden no ein "statsministerpark", der både Jens Stoltenberg og Kjell Magne Bondevik har planta kvart sitt tre. Her står òg ein bauta til ære for fridomskjemparen generalmajor Herluf Nygaard. Han opplevde sjøl avdukninga, men døydde ei tid seinare. Portrettrelieffet i bronse på bautaen er utført av bilethoggar Arne Martin Hansen i Ålesund. Anlegget har verneverdi som eksempel på feriekoloni frå tidleg på 1900-talet. Bruken som feriekoloni er forlengst slutt, og anlegget vart kjøpt av Skodje kommune i 1983.
(Kjelde: Kulturminne i Skodje. 2000 og Lions Club Skodje sine heimesider).

Kommune: 
Institusjonskategori: