Ivar Aasen-tunet

Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet. Ivar Aasen-tunet er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur, med moderne og informative utstillingar om språk, om Ivar Aasen, om nynorsk kulturhistorie og om skrivekunst. I tillegg til å vere museum, er Aasen-tunet også bibliotek og arkiv. Den nye institusjonen er ei direkte vidareføring av Ivar Aasen-museet, som vart etablert i 1898. Dei gamle samlingane og bygningane herifrå er ein del av det samla tilbodet. Samlingane blir presenterte i ein særeigen moderne bygning, teikna av arkitekt Sverre Fehn, som vart opna for publikum i år 2000. Museet har filmframvising og skiftande utstillingar om aktuelle emne, personar og hendingar. Ivar Aasen-tunet er òg eit kulturhus, med konsertar, opplesingar, teaterframsyningar, kunstutstillingar, seminar, kurs mm., og det er hovudarena for Dei Nynorske Festspela.

Kommune: 
Institusjonskategori: