Ishavsmuseet Aarvak

Ishavsmuseet Aarvak Vart oppretta i 1981 og har som føremål å ta vare på dei rike tradisjonane på Vestlandet frå selfangst og anna virke i polare strøk. Museet består av den verna ishavsskuta "Aarvak", den eldste attverande i sitt slag, og ca. 1600 registrerte gjenstandar. Museet har meir enn 1000 fotos som illustrerar fangstmiljøet. Museet har også ei omfattande samling arktiske filmar. Ishavsmuseet er det einaste allmenne polarmuseum sør for Tromsø. Museet vart lagt til Brandal fordi bygda var eit sentrum for selfangst frå Vestlandet frå 1898. Då denne næringa var på topp i slutten av 1920-åra, drog 75 ishavsskuter ut frå Vestlandet. Meir enn 1000 mann hadde arbeid i denne næringa. Selfangst var eit farefullt yrke, ofte med livet som innsats. Dei fleste skutene forliste før eller sidan i isskruing eller i uver på overseglingane til fangstfelta. I perioden 1924 ? 1939 forliste 115 ishavsskuter.

Kommune: 
Institusjonskategori: