Ingebrigt Davik-huset

Ingebrigt Davik-huset opna 25. mars 2006. Kulturhuset består av i alt om lag 2250 m2 fordelt over tre etasjar. I dei fire andre etasjane i huset ligg det sjukeheim med 50 plassar, 24 omsorgsbustader, kafé og næringsareal. Ingebrigt Davik-huset har fått namn etter den folkekjære fjøtoftingen, som er mest kjend for historiene frå Taremareby.
I kulturhuset finn ein storsal, kinosal, ungdomsarena og lokale for møte, konferansar og utstillingar.
Storsalen kan nyttast til det meste, som bankett, dans, dansegalla, drama, julebord, kulturskule, musikk, revyar, seminar og ståkonsertar.

Kommune: 
Institusjonskategori: