Indre Herøy kyrkje

Kyrkja vart bygd på grunnen til prestegarden.
Koret i kyrkja har glasmåleri måla av G.A. Larsen. Altartavla er frå 1921 og er måla av Ulving. Motivet er Jesu møte med Maria etter oppstoda. Over heile kyrkja er det dekorasjonar, rosemåling med ulike kristne symbol. Målararbeidet er utført av Johan Haddal i 1922. Kyrkjeklokka er frå 1890. Det første orgelet var frå 1899 og stod først i trekyrkja på Herøy. I 1966 fekk kyrkja nytt orgel.
(Kjelde: Kyrkjekontoret i Herøy).

Kommune: 
Institusjonskategori: