Ikornneset fornminnepark

Ikornneset forminnepark ein ein del av Gjemnes bygdemuseum og ligg omlag 1 km frå Gjemnessundbrua i retning Eide. Parken omfattar omlag 10 gravrøyser, enkelte små røyser, åkerreiner og gardfar.
Gravrøyseine er typisk kystrøyser av varierande storleik, som er bygde av rullestein. Dei to største har ein imponerande storleik med eit tverrmål på omlag 15m og ei høgd på 2m.
Det er usikkert kor gamle gravrøysene er, men det kan tyde på at dei stammar frå jarnalderen (2000 f.Kr. - 600 e.Kr).
Kjennskapen til gravrøysene, samen med tett
tilplanta granskog, einerkratt og lyng, var utgangspunktet for kulturstien i 1991.
Opparbeiding av stien og rydding av røysene vart eit samarbeidsprosjekt mellom kulturetaten i fylkeskommunen og Gjemnes kommune.
Området på Ikornneset er tilrettelagt med benkar og bord, badeplass og fine fiskeplassar. Noko lengre aust for Ikornneset ligg Høgsetleira, som er ein langgrunn bukt med eit stort tidevassområde. Dette området er hekke- og beiteområde for ei lang rekkje våtmarksfuglar. Når ein går gjennom kulturstien vil ein finne fem plakattekster med illustrasjonar som vil vere stikkord for det ein kan sjå og oppleve på Ikornneset.

Kommune: 
Institusjonskategori: