Hustad kyrkje

Hustad er ein gamal kyrkjestad, første gong nemnt i eit tinglysingsbrev frå 1539. Hustad er òg nemnt i Den Trondhjemske Reformats av 1589. Men truleg har Hustad hatt kyrkje så langt attende som til 1100-talet. I kyrkjestolen 1646 er nemnt to kyrkjer på Hustad, stavkyrkja og ei korskyrkje. Korskyrkja brann ned i 1718 og vart bygd oppatt i 1738. Ho stod til 1875/76 då ho vart riven og solgt. Noko av inventaret frå den gamle korskyrkja er i Dei Sandvigske samlingane på Maihaugen, m.a.: altartavla frå omlag 1723, preikestolen, kongemonogram og søyler til korbogen, lysekrone i tre, alle laga av bilethoggar Peder Knudsen Kjørsvik. Kapellet på Romsdalsmuseet har òg inventar frå korskyrkja, m.a.: antependium frå 1730 og himmel over preikestolen laga av Peder Knudsen Kjørsvik i 1738. Altartavla i dagens kyrkje er frå 1875 og laga av Peder Th. Holst. Tinnlysestakane på altaret i barokk stil er laga av Lauritz Evensen Tønder og ber årstalet 1748. Kalk og disk av sølv er frå 1742, døypefonten av messing er frå omlag 1650 og kyrkjeklokka er frå 1738. Ny og større klokke vart innsett i 1901. Kyrkja fekk nytt pipeorgel i 1931, dette vart utskifta i 2000.
Kyrkja vart restaurert i 1934, 1967, 1974 og 2000.
(Kjelde: Hustad kirke 125 år. 2000).

Kommune: 
Institusjonskategori: