Hopen kyrkje

Ein bibel (trykt 1793), kalk (frå 1883), messehakel (frå 1749) og ein trearma lysestake (frå 1761) vart overførte frå gamlekyrkja. Det gamle altarskåpet frå fiskarkapellet på Veien (frå 1500-talet) som stod i gamlekyrkja, står no i Oslo, i Universitetet si oldsakssamling, der det har stått sidan 1870. Den nye altartavla er ein kopi av Carl Blochs "Kristus og dei bedande", utført av kunstmålar Christen Brun. Nye kyrkjeklokker vart innkjøpt. Kyrkja har vore vølt fleire gonger; ein storreparasjon i 1914 etter eit lynnedslag året før, grundig oppussing innvendes i 1960, nokre påbyggingar i 1966 og ein større reparasjon av vestveggen i 1985-86. Orgel (frå 1861) vart innsett i 1916, men vart utskifta med eit Hammondorgel i 1953.
(Kjelde: Hopen kirke 75 år. 1967).

Kommune: 
Institusjonskategori: