Hogsteinen fyrstasjon

Fyrstasjonen består av eit kvitt teglsteinstårn ytst på ein lang natursteinsmolo. Tegl er sjeldsynt som tårnmateriale i Noreg, og anlegget har difor stor verneverdi. Tårnet er 11m høgt og fora innvendig med naturstein. Det opphavlege lyktehuset frå Nes Jernverk er erstatta med ei støpejernslykt. Det kvite fyrtårnet er eit viktig dagmerke i det sterkt trafikkerte sundet fyret ligg ved.
(Kjelde: Norsk fyrhistorisk foreining)

Kommune: 
Institusjonskategori: