Hjørundfjord kyrkje

Gamlekyrkja vart rive kort tid etter innviinga av den nye kyrkja. Material og mykje inventar vart selt på auksjon. Lite av inventaret frå den gamle kyrkja vart teke med over i den nye. Kyrkja skulle vere stilrein og moderne. Døypefonten, ei lysekrune og ein Kristus-figur i gips, samt 2 messinglysestakar frå 1694, lysarmen ved preikestolen frå 1699 og kyrkjeklokkene vart teke med frå gamlekyrkja.
Den einaste større nye prydnaden i kyrkja var altartavla malt av målaren Chr. Bruun. Ei råme i nygotisk stil vart laga rundt målarstykket og ei ny lysekrone vart innkjøpt. Kyrkja fekk orgel i 1913 og ny kyrkjeklokke i 1918. Den gamle altartavla, der kjernen er eit altarskåp frå tidleg på 1500-talet, vart henta ned frå galleriet i 1914, restaurert av Lars Kinsarvik og plassert over dåpssakristidøra. I 1950 vart kyrkja utsmykka innvendes med nye glasmåleri laga av kunstmålaren Jørgen Skaare. Restaureringa heldt fram til 80-års høgtida i 1960. No vart altartavla igjen plassert over altaret. I 1970 starta ei ny vøling av kyrkja. Nytt orgel vart montert i 1973.
(Kjelde: Standal, Ragnar: Hjørundfjord kyrkje 1880-1980).

Kommune: 
Institusjonskategori: