Herøy Kystmuseum

Herøy kystmuseum held til i dei vakre gamle bygningane på Herøy gard som var ein gamal handelsstad på Mørekysten frå 1770 til 1916. Herøy har vore møtestad og tingstad heilt tilbake til førkristen tid, og kyrkjestad frå 1100-talet. Sagna seier at det skal ha vore kloster på øya. Stadnamn som Klosterhaugen, Klostermyra og Klostervegen kan tyde på det. Museet dokumenterar og formidlar stadens historie. I museet si gjenstandssamling inngår mellom anna ei samling tradisjonelle opne bruksbåtar, kopi av Kvalsundbåten frå 600-talet og kopi av ei Sunnmørsjekt frå 1700-talet. I utstillinga inngår fiskereiskapar, båtar med reide, ishavsfangst og ei fotoutstilling av inventar frå den 700 år gamle steinkyrkje som vart reven i 1859. Sogespelet "Kongens ring" frå vikingtida, vert framført kvar sommar.

Kommune: 
Institusjonskategori: