Herøy kyrkje

Kyrkja vart riven i 1859 og erstatta med eit større trebygg på same staden. Soknet vart delt i 1916, og trekyrkja på Herøy vart riven.
Ny korskyrkje vart reist på Skaret i Fosnavåg i 1918. Samstundes vart Indre Herøy kyrkje bygd på prestegarden i Stoksund.
Natt til 2. juledag 1998 brann kyrkja ned til grunnen, og mange kunstverk frå mellomalderen gjekk tapt. Nye Herøy kyrkje vart etter arkitektkonkurranse teikna av Kine Tambs og Hans Petter Madsø i arkitektfirma Madsø-Sveen i Trondheim og bygd av entreprenørfirmaet M. Kristiseter på Åndalsnes. Kyrkja vart vigsla av biskop Odd Bondevik 16. februar 2003.
Altar, døypefont og preikestol er teikna av Aslaug Øyehaug og Benedikte Holmberg.
Kyrkjekunsten er laga av kunstnaren Per Odd Aarrestad, og omfattar m.a. glasmåleri og altarskåp.

(Tekst/foto: Kyrkjekontoret i Herøy).

Kommune: 
Institusjonskategori: