Helleristningar på Søbstad

Eit trongt sund skil Søbstadklubben frå fastlandet. Feltet er delt i to:
Felt 1 har to figurar, ein stor nisefigur og ein figur som kan minne om eit lite krepsdyr, eller kansje ein gaffelforma fangstreiskap. Figuren kan òg ha ei symbolsk, magisk tydning.
Felt 2 er sett saman av tre tydelege nisefigurar, ein liten fugleliknande figur og ein firkant med skrå liner. Firkanten kan vere fangstreiskap for fisk eller fugl, eller det kan vere ei magisk tydning av dyrefigurane.
Under bergveggen kan ein finne rester etter ein steinring. Steinringen kan ha vore ein offerplass. Like i nærleiken ligg det båtstøer frå yngre jarnalder. Det har tydeleg vore landingsplass for store båtar her.
(Kjelde: Averøy kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: