Helleristningar på Nord-Heggdal

Desse helleristningane vart oppdaga i 1965 av familien Heggdal som eig hytta like ved. Figurane var heilt dekte av lav og mose, men ein ettermiddag då sollyset fall skrått inn på ein spesiell måte, skimta dei nokre strekar. Ved hjelp av sodavatn og stive børster kom dei to figurane tydeleg fram. Kva figurane framstiller er det delte meiningar om. Figuren til høgre er mest sannnsynleg ei kveite som er naturalistisk utført. Dei tydelege brystfinnene og krumminga gir eit levande bilete av ei kveite som slår etter at ho er halt på land eller opp i ein båt. Figuren til venstre er mest truleg eit bilete av ein skogsfugl (tiur, røy eller orre) som det framleis er mykje av i området. Desse ristningane er dei første stein-helleristningane som er påvist i ytre Romsdal.
(Tekst/foto: Midsund kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: