Helleristningar på Boggestranda

Det øvste feltet ligg omlag 24 moh og inneheld omlag femti dyrefigurar i eit 15m langt belte. Ein stor elgfigur dominerer både i storleik og naturalistisk utforming. Det neste feltet ligg omlag 20 moh. Også her er det figurar av firbeinte dyr, men kvalfigurar dominerer. Ein reknar med at alle desse dyrefigurane er hogge inn i berget i steinalderen for meir enn 4000 år sidan. Mest truleg er figurane blitt til i samband med magiske ritual knytt til veidinga, eller kanskje er dei og hogge inn som minne om spesielt vellukka jaktekspedisjonar. Desse forklaringane treng ikkje stå i motsetnad til kvarandre. Det siste feltet ligg berre omlag 6 moh, og her er det båtar som er teikna. Desse figurane er difor venteleg ein god del yngre, kan hende frå tida frå 1500 til 500 f. Kr. eller endå yngre, det vil seie frå eldre jarnalder mellom 500 f. Kr. til tida kring Kristi fødsel.
Det er funne boplassar frå steinalder i området omkring ristningsfeltet.
(Kjelde: Øyavis).

Kommune: 
Institusjonskategori: