Hellemålingane ved Honnhammaren

Bergmålingane er omlag 5000 år gamle og viser den gamle veidemannskunsten på sitt beste. Teikningane høyrer til ei eksklusiv gruppe bergkunst som er måla (teikna) på fjellveggar og i holer, og som er svært sjeldne. Bergmålingane viser teikningar av elg, rein og laks. Det er ingen som i dag veit sikkert korleis menneska i yngre steinalder kunne lage slike teikningar med ei slik holdbarheit. Vi tror at steinaldermenneska måla motiva på berget for å få makt over dei, og på magisk vis få betre fangst.
(Tekst/bilete: Tingvoll kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: