Hareid kyrkje

Altartavla frå 1660 er det største kunstverket i Hareid kyrkje. Tavla kom frå Stavanger Hospitalskirke, kjøpt på ein auksjon der i 1915, og var laga av skotten Anders (Andrew) Lawrenceson Smith. Rasofiel Rise måla altartavla i lyse fargar i 1877. I 1913 sette Lars Kinsarvik til nokre mørkare fargar. Kyrkja vart delvis restaurert innvendes i 1952. Altartavla vart restaurert til 100-årsjubileet i Hareid kyrkje i 1977. Arbeidet kravde nær 1000 arbeidstimar. (Kjelde: Hareid kyrkjekontor).

Kommune: 
Institusjonskategori: