Haram kyrkje

Det har sannsynlegvis vore kyrkje på Haram sidan før år 1100. Kyrkja var ei stavkyrkje som vart riven for å bygge ny kyrkje i 1838. Mykje av inventaret i stavkyrkja vart berga over i nykyrkja. Kyrkjeklokka er frå 1487, laga av Gert de Wou den eldre, den mest namngjetne klokkestøyparen i mellomalderen. Altartavla er frå 1670, kunstnaren er ukjend. Preikestolen kjem og frå stavkyrkja. Det første orgelet vart sett inn i 1892, men vart skifta ut mellom 1910 og 1920.
Kyrkja vart vølt i 1878 og restaurert innvendes i 1911 etter ein plan utarbeidd av kunstmålar Lars Osa. Kyrkja vart på nytt restaurert i 1978. Kyrkja fekk skade ved brann i 1993. Innvendes dekor er restaurert.
(Kjelse: Hove, Peter: Haram kyrkjesoge. 1975).

Kommune: 
Institusjonskategori: