Handelsstaden Borgarøya

I skjærgarden utanfor Ulsteinvik ligg den gamle handelsstaden Borgarøya. Hovudhuset på øya er frå 1700-talet, og på det meste stod 17 bygningar her. Handelen var i full sving på Borgarøya frå rundt 1600 og fram til 1880-åra, men utbygginga av vegnettet førte til at Ulsteinvik tok over mykje av handelen.
Etter 1920 vart staden nytta til bustadføremål, og sidan 1983 har Ulstein kommune restaurert og teke vare på hovudhuset. Om sommaren er hovudhuset ope i helgane, med vertskap som driv kafé. Huset er elles ope etter avtale, og kan leigast til ulike arrangement i både offentleg og privat regi.
(Kjelde: www.visitalesund.com).

Kommune: 
Institusjonskategori: