Hamnsundhellaren

Hamnsundhellaren ligg i Haram kommune. Her har det blitt funne restar av våpen og reidskap frå steinalderen. Hellaren vart utgravd så tidleg som i 1877, då både bein og ein 2000 år gamal menneskekjeve vart funne. Sidan har hellaren vore undersøkt fleire gonger, og i 1992 vart ein 40 meter lang tunnel gravd ut med gravemaskin og moderne utstyr. Funna i hellaren viser at det har budd menneske her fleire tusen år tilbake, og dei meir enn 15.000 funna frå dyr fortel om eit rikt dyreliv i eit klima omlag som det Svalbard har i dag.
(Kjelde: www.visitalesund.com).

Kommune: 
Institusjonskategori: