Halsa kyrkje

Det låg sannsynlegvis eit gudshus på same staden allereie på 1100-talet. Fem balsamerte lik vart funne under eit restaureringsarbeid. Dei ligg framleis under kyrkjegolvet. Eit anna særs sjarmerande trekk ved kyrkja, er at klokkaren framleis står nede i koret og dreg i tauet når det blir ringt til gudsteneste.
Altartavla er truleg laga av Peder Knutsen Kjørsvik og måla av Eggert Munch i 1732. Nedste delen er truleg enno eldre. Preikestolen er frå 1724, dekorert av Ole J. Kaldset i 1751, overmåla i 1870 og restaurert i 1921. Figurgruppa på korbjelken er eit Krusifiks frå seinmiddelalderen. Maria og Johannes er laga av Peder K. Kjørsvik i 1725. I 1921 vart kyrkja restaurert av koservator Dominico Erdmann og Ola Seter. i 1939 vart det bygd utvendes trappeanlegg, i 1960 vart det påbygd dåpssakristi og i 1990 måtte nordveggen reparerast for ròteskadar.
(Kjelde: Halsa kommune/Kyrkjene i Møre).

Kommune: 
Institusjonskategori: