Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda oppbevarar, i tillegg til arkiva for dei to tidlegare høgskulane i Volda, avlevert arkivmateriale frå Høgskolestyret i Møre og Romsdal, Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, Stadnamnarkivet i Møre og Romsdal og Kjeldearkivet.Arkivmaterialet som avleveringa for tidlegare Møre og Romsdal høgskolestyre omfattar, gjeld frå verksemda tok til i 1976 og til den vart avslutta pr. 1. august 1994. Styret hadde forvaltningsansvaret for dei 7 tidlegare høgskulane i Møre og Romsdal (DH Molde og Volda, ingeniørhøgskolen i Ålesund, sjukepleierhøgskolen i Molde og Ålesund, Møre og Romsdal fiskeritekniske høgskole). Storleiken på det avleverte arkivmateriale er 9 hyllemeter (møteprotokollar, journalar, kopibøker, saksarkiv).Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal vart skipa 17.09.1990 som prosjekt under Møreforsking Volda. Samlingane består av notemateriale, lydopptak og videoopptak (til saman om 23.485 melodiar). Dessutan foto, litteratur, personal- og saksarkiv i tilknytning til folkemusikk og tilgrensande emne. Stadnamnprosjektet, som var eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Statens Kartverk, skulen og Møreforsking, har bygt opp ei omfattande stadnamnsamling. Til saman er det samla inn, registrert, arkivert, fagleg handsama og dataført om lag 200.000 namn av alle slag utan å skilje mellom smånamn og stornamn frå alle dei 38 kommunane i fylket. Namna er ordna etter kommune og kartblad av økonomisk kartverk. Kjeldearkivet (1982-) har privatarkiv etter stortingsmenn i fylket, ein del lagsarkiv, orginalaviser (med ein del arkivsaker), blad og lokal litteratur - særleg for norskdomsrørsla, samlingar med viser, bygdesongar, notar (korlitteratur, lokale trykk), folkemusikkmateriale, samlingar av ord, ordtøkje og gåter, biografisk kortkatalog med tilvisingar til avisartiklar og litteratur om ca 1500 personar, kopiar av materiale frå Møre og Romsdal i Norsk etnologisk gransking. Det er utarbeidd katalogar og bibliografiar til det meste av tilfanget.

Kommune: 
Institusjonskategori: