Håkårøysa

Slaget ved Rastakalv på Frei fann stad i år 995, og då segla mange vikingeskip forbi Rånes. Det ligg etter alt å dømme ein høvding gravlagd her. Håkårøysa eller Håkonrøysa er den største gravrøysa på Nordmøre og har no eit tverrmål på omlag 33-35 meter og ei høgd på 1,5 - 2 meter. Vi kjenner ikkje til funn frå røysa. Håkårøysa er stor i nasjonal målestokk.
(Tekst/foto: Averøy kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: