Håholmen

Håholmen har vore klippfiskvær siden byrjinga av 1700-talet og var i drift fram til 1960.
Yttersida av den 50 mål store hovudøya og dei tjuetals øyane og holmane som høyrer til, utgjer ein siste skanse mot storhavet og leia like utanfor.
På innersida finst ei vakker naturhamn, godt skjerma for all slags vær. Eit tjuetals bygningar, mange frå 17- og 1800-talet, gir Håholmen eit preg av intimlandsby og ekte kysthistorie.
(Kjelde: Averøy kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: