Grytten kyrkje

Grytten er ein gamal kyrkjestad, over 600 år gamal. Den eldste stavkyrkja vart omtalt i 1364 og stod til 1650, då ho fall saman. Ei ny stavkyrkje vart oppført på same staden i 1651. Kyrkja stod til 1728 då ho òg seig saman. Inventaret vart flytta over i korskyrkja som vart bygd i 1732 og vidare til dagens kyrkje. Altartavla frå omlag 1670 er i kapellet på Romsdalsmuseet. Kyrkja er lafta og bordkledd utvendig og raudmåla. Ho har 2 rader med vindauge som gir rikt med lys på galleriet som går rundt heile kyrkja innvendes. Preikestolen står over altaret, og kyrkjetårnet har laukkuppel øvst. Klokkene er frå middelalderen. Preikestolen frå stavkyrkja vart lagt på loftet og solgt til Stavanger museum i 1880-90 åra. Antepediet for altaret ber årstalet 1733. Kyrkja var ferdig restaurert i 1957. (Kjelde: Aassve, Anne-Grethe: Våre kirker Romsdal. 1985).

Kommune: 
Institusjonskategori: