Grip stavkyrkje

Grip stavkyrkje er einskipa, der kor og skip har samme breidde. Altarskåpet frå omlag 1515 er nord-tysk og ei gåve frå prinsesse Elisabeth av Nederland, gift med kong Christian II. I 1621 vart kyrkja restaurert og ombygd med ornamentikk, veggmåleri og inskripsjonar.
Kyrkja vart restaurert på nytt i 1860-70-åra med nye store vindauge og innvendig og utvendig kvitmåla panel. Våpenhus og sakristi var sett opp, samt eit galleri på vestveggen. I 1932/33 vart både interiør og eksteriør forsøkt restaurert attende til den gamle og opphavlege stilen.
Øya Grip, der kyrkja er plassert, er i dag heilt fråflytta.
(Kjelde: Yderstad, Olaf: Grip kirkes historie. Kristiansund 1951)

Kommune: 
Institusjonskategori: