Gravfeltet på Røttingsnes

Gravhaugane på Røttingsnes er det største gravhaugfunnet i Tingvoll. Gravene som vart gravd ut i 1910 av arkeolog Karl Rygh, er frå omlag 800 e.Kr. Rygh undersøkte i alt 8 graver. Gravene inneheldt m.a. steikepanne m/skaft, linhekle, handteinshjul, fleire knivblad, eit stykke av eit sigdblad, brotstykke av ei saks, firesida hein, eit stykke flint, skålforma spenner av bronse med nåler av jern og 27 glassperler. Av levningar vart det berre funne eit kjakebein med nokre tenner. Det vart òg funne ein bronsenøkkel, ei øks av jern, reimspenne av jern, rester av både skjoldboge og sverdslire. Ein fann òg restar av båtar i gravene, som dei døde vart gravlagde saman med. Det er nokså sikkert at grav nr. 5 var ei kvinnegrav, ut i frå dei funna som vart gjort der, med m.a. stekepanne, saks og linhekle. Menneskeleg aktivitet på Røttingsnes går mykje lenger attende enn gravfunna viser. Røttingsnes er den einaste steinalderboplassen vi kjenner i Tingvoll frå yngre steinalder
(omlag 2000 år f.Kr.) Boplassen kom fram under nybrottsarbeid i 1922.
(Kjelde: Tingvoll kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: