Grasøyane fyrstasjon

Anlegget har to fyrtårn, den opphavlege fyrbygninga i tre med tårn i hjørnet, og det 16m høge støpejernstårnet frå 1950. Tretårnet vart skadd i flyangrep i 1945, og støpejernstårnet er det siste som vart bygd i landet. Eit solcellepanel, som står litt utom busetnaden, forsyner stasjonen med straum. Fyrstasjonen har maskinhus, uthus, tuft etter assistentbolig, naust og landing med ei lang brygge utover den langrunne fjæra.
(Kjelde: Norsk fyrhistorisk foreining).

Kommune: 
Institusjonskategori: