Gossen krigsminnesamling

I samband med 50-årsjubileet i 1995, vart det samla inn stoff og dokumentasjon til ei utstilling. Innsamlingsarbeidet viste at det var mykje stoff og historie frå denne tida som ikkje er kjent. Dette førte til at ein del personar har vidareført det historiske granskingsarbeidet, og ein kommunal arbeidsgruppe og byggenemnd har no bygd opp ei samling.
Samlinga er plassert i 2. etasje i Skyttarhuset som er eigd av den lokale Jeger og fiskerforeininga, og er dermed plassert midt i det området der tyskarane bygde flyplass og hadde den største aktiviteten.
I lokalet blir det vist gjenstandar, bilete, teikningar og modellar av Røssøyvågen og flyplassen slik det såg ut i krigsåra. Samlinga har også multimediautstyr i lokalet, som gir mange høve til å fortelle historia.
Frå Skyttarhuset går det fleire stiar langs tyske krigsruinar. Her er panoramautsikt mot Bjørnsund og Galleskjera. Turstiane rundt flyplassområdet er mykje brukt av lokalbefolkninga og andre som kjem på turar hit ut. Flott utsikt.
(Tekst/foto: Aukra kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: