Gjemnes kyrkje

Kyrkja har omlag 230 sitjeplassar og har to klokker frå 1893.
Denne kyrkja er den første kyrkja på staden. Men kyrkja ligg rett ved den gamle tingstaden, og tingbordet utgjer i dag delar av kyrkja sin grunnmur.
Gjemnes kyrkje har ei utsøkt fargesamansetjing som gir eit tiltalande inntrykk. Altertavla vart laga til kyrkja stod ferdig i 1893 og er måla av salmakar C. Waleur med motiv: Jesus går på vatnet og reddar Peter.
Over korpartiet i aust-gavlen av kyrkja er det eit stort vindauge - delvis med farga glas. Dette vindauget er synleg utanfrå, men innanfrå er det kledd att. Kyrkja vart pussa opp innvendes i 1963 og 1993.
(Kjelde: Gjemnes kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: