Gjemnes Bygdemuseum

Gjemnes bygdemuseum består av Teigen bygdemuseum, Fagerli skulemuseum og Ikornneset forminnepark. TEIGEN BYGDEMUSEUM på Skeid, ein 2km avstikkar frå riksveg 666 ved Øre kyrkje, inneheld våningshus med innbu og løysøre, samt nyrestaurert driftsbygning, begge frå 1800-talet. FAGERLI SKULEMUSEUM på Fagerlia, omlag 500m frå vegkrysset på Rv. 665 i retning Flemma, inneheld ei skulestove frå 1886. IKORNNESET FORNMINNEPARK har ti gravrøyser frå bronse- og jarnalder, samt ein kultursti. Fornminneparken ligg omlag 1 km frå Gjemnessundbrua i retning Eide, Gjemnes bygdemuseum er underinstitusjon hos Nordmøre museum.

Kommune: 
Institusjonskategori: