Giske kyrkje

Giske kyrkje vart bygd i romansk stil og er karakteristisk for arkitekturen før 1200-talet.
I 1756 vart kyrkja restaurert av presten Hans Strøm. Den lokale kunstnaren Jacob Sørensen Giske-Gaard, kalla Tavle Jacob, skapte det nye interiøret, inkludert ny preikestol og altartavle.
Mindre endringar vart utførte med kyrkja i 1860, 1930 og 1973/74. Kyrkja fekk nytt orgel i 2000.
Kyrkja er rekna for ein av kulturheilagdomane i landet.
(Kjelde: Giske prestegjeld)

Kommune: 
Institusjonskategori: