Geirangerfjorden

Geirangerfjorden er unik i verdssamanheng.
Fjord- og fjellområdet er eineståande døme på ungt, aktivt isbrelandskap der naturkreftene enno viser seg fram. Fjorden skjer seg dypt inn i landet som òg gir oss ein unik sjanse til å studere berggrunnen i tre dimensjonar. Langs is-skurte og polerte fjellsider kan vi sjå spor etter utviklinga av urgamle fjellkjeder som vart danna hundrevis av millionar år tilbake i tid. Dette gir ein ekstra dimensjon til opplevinga av naturen og landskapet. Nyare tekniske inngrep er så og seie fråverande utanfor tettstadene, og fjordområdet er rikt på kulturminne.
I meir enn 150 år har både vitskapsfolk, kunstnarar og turistar valfarta til norske fjordar for å oppleve det mektige landskapet. Tilsynelatande uforanderleg, men likevel med ei stor evne til omskaping - gjennom fossar, isbrear, steinsprang, snøras, fjellskred og flodbølgje. Dette er landskap som stimulerer folk til å forstå og nyte naturen sine eigne under.
Geirangerfjorden vart 14. juli 2005 innlemma på UNESCO?s verdsarvliste.
World Heritage List, eller Verdsarv-Lista, vart etablert i 1972 av UNESCO (FN sin organisasjon for utdanning, vitskap og kultur). Lista har som mål å verne om verdas kultur og naturarv.
(Kjelde: www.verdensarv.com - Verdsarv).

Kommune: 
Institusjonskategori: