Galleri S

Galleri S vart starta hausten 1992 av Sigmund Skår, og opningsutstillinga var tresnitt av Moldekunstnaren Lars Chr. Istad. Seinare har det vore arrangert utstillingar med både lokale og meir kjende norske kunstnarar. Fram til i dag er det arrangert over 40 separatutstillingar, og dei fleste utstillingane har vore svært godt besøkte. Groven skole og Ødegård skole har besøkt utstillingane fleire gonger.
Som regel er det ein utstilling om våren og to om hausten over ein periode på omlag 14 dagar. Fram til år 2007 er programmet fylt. Galleri S kom på Internett hausten 1997 i samband med utstillinga til Arne Waske.
(Kjelde: Galleri S).

Kommune: 
Institusjonskategori: