Fundergata

Med kyrkjebudene er Fundergata unik, og på våre kantar er dette den einaste av sitt slag. Før i tida vart desse brukt av folk som budde opp i fjelldalane. Her skifta dei til kyrkjeklede og åt nista si før dei rodde den lange vegen til og frå Dale kyrkje. I Fundergata vart det og drive med sal og kjøp av brennevin i tidlegare tider. Frå firmaet Christian Funder i København vart det mellom anna kjøpt konjakk i eikefat. Frå dette har gata fått namnet sitt.
(Kjelde: Storfjordnytt).

Kommune: 
Institusjonskategori: