Fugleøya Runde

Runde er den sørlegaste av dei store norske fugleøyane. Runde har eit unikt artsmangfald - nær på alle dei kolonihekkande sjøfuglane våre er representerte. Talrikast er nok lundefuglen. Vanskeleg å telje, der han gøymer reiret sitt i steinurer og jordhol, men her er mange titusen par, kanskje hundre tusen. Krykkja utgjer den andre kjempekolonien på Runde, med rundt 50 tusen par. Kolonien av havsule i Rundebranden er størst og eldst i Noreg, ein av berre omlag 40 havsulekoloniar i verda.
Runde har einaste lomvikoloni i Sør-Noreg, den eldste og største havhestkolonien i landet, den største samlinga av storjo, den nest største toppskarvkolonien i landet, alke og teiste, ærfugl og gravand. Ørn, falk og hauk besøkjer øya på jakt, medan ramnen lever stort på overfloden av egg og ungar. Hjorten beitar i bratte lier og på grønne jorder, i havet har vi sel og nise - og fisk til glede for fleire enn dei fjørkledde.
(Kjelde: Runde camping- og vandrerhjem).

Kommune: 
Institusjonskategori: