Friheim allaktivitetshus

Kultursenter i Langevåg, Sula kommune eigd av Langevåg musikkorps. Huset vart gjenopna i 1992 etter omfattande restaurering og ombygging av "gamle Friheim" frå 1906.
Kulturhuset er godt egna for musikkverksemnd, teater, kurs, private og offentlege møte mm. Sentralt i bygget er ein amfisal med 200 plassar. Amfiet er flyttbart, slik at salen kan nyttast til aktivitetar som krev flatt golv.
Huset har i tillegg grupperom, kjøkken, festsal/kafeteria med omlag 90 plassar og eit mindre lokale med kjøkkenkrok med plass til omlag 40 personar.

Kommune: 
Institusjonskategori: