Frei kyrkje

I 1918 vart altartavla frå gamlekyrkja restaurert og oppsett på gallerigangen. I 1955 vart kyrkja oppussa innvendes. I 1962 vart det utgravd kjellar for bårerom og toalett under sakristia. Kyrkja fekk ny hovuddør og -trapp i 1965, ein del vindauge vart utskifta, og tårnet vart reparert. Kyrkja fekk nytt orgel frå Vestlandske Orgelverksted, Hareid, i 1972. Ny trapp til bårerommet vart innsett i 1991. I 1994 var det reparasjonar etter store orkanskadar i 1992: Golvet vart slipt, nye bjelkar i galleri og himling vart innsett, og ny himling vart spikra. Kyrkja vart òg måla innvendes og fekk ny ytterdør. I 1995 vart fleire brannsikringstiltak sett i verk.
(Kjelde: Kyrkjene i Møre).

Kommune: 
Institusjonskategori: