Franskhellaren

I denne hellaren, som går omlag 55 meter inn i fjellet, oppheldt fire unge franskmenn seg vinteren 1944/45. Dei var i tysk fangenskap i ein fangeleir på Klauset på innsida av Otrøya, då dei hausten 1944 bestemte seg for å rømme. Dei tok kontakt med lokale folk som dei visste dei kunne stole på, og i samarbeid med desse vart flukta planlagt. Natta til den 22. november 1944 rømte franskmennene, og i ei bukt nærare Midsund vart dei henta med robåt. I mørke vinternatta vart dei rodd til Dryna, der dei fekk mat og varme klede hos familien Sønderland. Deretter vart dei ført vidare til fots til denne hellaren. Etterkvart vart det og bygd ei lita hytte inne i hellaren for å halde den verste kulda og fukta ute. Seinare vart det òg satt inn ein vedovn i hytta. Desverre vart hytta tent på nokre år seinare og brann ned. Nordmennene samla inn mat til fransk-mennene, som blei levert kvar tredje natt på ein avtalt stad eit stykke unna hellaren. Franskmennene oppheldt seg i hellaren heilt fram til den tyske kapitulasjonen 8. mai 1945.
Då blei dei henta til Midsund og gjort stor ære på saman med dei lokale hjelparane sine. I ettertid har ikkje hellaren gått under anna nemning enn franskhellaren.
(Kjelde: Midsund kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: