Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal samlar lyd- og video-opptak av nolevande og tidlegare utøvarar av folkemusikk og folkedans, skaffar til veges noteoppskrifter, biletmateriale, munnleg og skriftleg tradisjon og faglitteratur om folkemusikken i Møre og Romsdal.

Arkivet er eit viktig serviceorgan. Studentar, aktive folkemusikarar og andre interesserte kan få tilsendt lyd-, video- og notekopiar for studieføremål, eller få rettleiing og hjelp til oppgåver. Leiinga ved arkivet set i gang tiltak for å fremje interessa for folkemusikk gjennom foredrag, musikkinnslag, seminar, publikasjonar m.m. Arkivet vart oppretta i 1990.

Kommune: 
Institusjonskategori: