Fjørtoft kyrkje

Den fyrste kyrkja på Fjørtoft gjekk under namnet "Fjærtoftens Capell". Vi høyrer om henne i kjelder frå 1750-åra. Kapellet var svært lite og vart selt til nedriving i 1878 for å byggje ny kyrkje. Altarring og preikestol følgde med på kjøpet. Den vesle kyrkjeklokka frå 1520 følgde med til nykyrkja, likeeins altarkalken frå 1638 og messehakelen frå perioden 1819-1834. I 1917 vart det første orgelet skifta ut med eit nybrukt. Det vart reparert fleire gonger og til slutt erstatta med eit nytt frå Vestres orgelfabrikk, Haramsøy, i 1956. Ny altartavle måla av kunstmålar Jonas Peson vart innvigd i 1939. Ho erstatta den gamle som var falma og utslete. Kyrkja vart vølt i 1924, i 1934 og 1950-53. Til 75-års høgtida i 1953 vart antikkglas og 2 glasmåleri innsett i kyrkja.
(Kjelde: Fjørtoft, Palmar: Fjørtoft kyrkje 100 år : 1878-1978).

Kommune: 
Institusjonskategori: