Fiskeværet Bjørnsund

Omkring år 1900 budde det omlag 5-600 menneskje her på dei tre hovudøyane.
Bjørnsund ligg midt i innlaupet til Romsdalsfjorden, ut mot Hustadvika og storhavet. Mange ev dei rike tradisjonane som rådde, kan ein òg spore i dag med bryggjer, naust og sjøboder. Det heilt særmerkte "småby"-miljøet med hus som står vegg i vegg, smale "gater" som følgjer terrenget, og med pratestader på bryggje og utkiksplassar - er her enno.
Ta turen frå Nordre Bjørnsund på fine stiar over sjøvern og broer til fyret på Moøya. Her kan ein sjå på jettegrytene som ligg på forskjellige høgdenivå på klippene. Sjå på alle måkane som hekkar her ute, men ver forsiktig, ikkje forstyrr dei. Det hender fuglane stupdykkar for å verne egg og ungar. Fuglane er freda i hekketida.
Fræna kommune driv leirskule på Bjørnsund.
(Kjelde: Fræna kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: