Festiviteten i Kristiansund

Festiviteten var ramma då Operaen i Kristiansund vart "fødd" i 1928 med oppsettinga av "Orfeus og Euridike".
Festiviteten vart sterkt skadd i 1940 då heile Kristiansund vart øydelagt, men vart raskt sett i stand for å huse ulike funksjonar som fengsel, politistasjon, kino, kafé m.m. Operaen i Kristiansund har heile tida hatt Festiviteten som fast tilhaldsstad.
I Festiviteten sit kulturen i veggane. Her er ei ekte atmosfære som ein ikkje finn i heilt moderne bygningar. Når huset vert fylt, serveringa er ope og publikum sit i ein sal med utroleg sterk formidlingsintensitet, vert det skapt ei heilt spesiell stemning.
(Tekst/foto: Kristiansund kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: