Fagerli skulemuseum

Fagerli skulemuseum ligg på Fagerlia, omlag 500m frå vegkrysset på Rv. 665 i retning Flemma.
Skulen på Fagerlia vart teken i bruk den 11. november i 1886. Bruken av skuehuset var høgst mangfaldig. Born frå grendene Fagerli, Blikås, Aspås og delvis Flemseterhaug fekk skulegongen sin her, men skulen var og samlingsstad for alle samkomer for dei same grendene.
I 1961 vart krinsen inndregen til Angvik. Skulehuset vart nytta til framhaldsskule ein vinter. Seinare vart huset nytta som bolighus nokre år.
Skulen er no restaurert tilbake til slik det såg ut då det vart bygd. Gjenstandane i skulehuset er samla inn frå heile kommunen, og dei står for eit nokså breitt tidsbilete: frå 1800-talet til 1960-åra. Mykje av det ein finn i skulestova no, stod ikkje naturleg framme då det var undervisning her.
Museet er lagt til rette for at mindre skuleklassar kan kome hit.

Kommune: 
Institusjonskategori: