Ergan kystfort

Ergan kystfort vart bygd av tyskarane i krigsåra 1941-1943. Fortet er eit av dei største festningsverka som tyskarane bygde langs kysten under krigen og var ein del av eit omfattande forsvarssystem tyskarane kalla "Atlanterhavsvollen". Fortet skulle kontrollere den sterkt trafikkerte Hustadvika.
Fortet er restaurert og har kommandosentral, kanonstillingar, sjukestove og vatnreservoar i fjellet. Det er laga utstillingar om lokale krigshendingar. Like attmed kystfortet ligg eit
fuglefjell med hundrevis av krykkjer i sesongen. Tysk- og engelskspråkleg tolk i tillegg til norsk. For åpningstider sjå heimeside.
(Kjelde: Fræna kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: