Eilifrøysa

Ei stor helle låg over gravkammeret som inneheldt ein vestlandskjele med brende beinrestar. I kammeret låg dessutan fine importsaker: 2 sølvbeger, ein betalingsring av gull på 311 gram, kopi av ein romersk mynt i form av ein gullmedaljong, med inskripsjonen Constans på den eine sida og ein dyrefigur på den andre. Keisar Constans herska år 337-350 e.Kr. Grava inneheldt òg m.a. bitar av ein beinkam, 5 pilespissar av bein og bjørneklør.
(Kjelde: Mathisen, Silje Opdahl: Dei store gravhaugane i Giske kommune. 2004).

Kommune: 
Institusjonskategori: